Kort svar
Ifølge barnelova § 44: Reisekostnadene ved samvær skal delast mellom foreldra etter storleiken på inntektene deira der foreldra ikkje blir samde om noko anna. Kostnadene som skal delast, er kostnader til barnet si reise, foreldra sine nødvendige kostnader til reise i samband med å hente eller bringe barnet til samværet og samværsforelderen…
Lovgrunnlag
Reisekostnadene ved samvær skal delast mellom foreldra etter storleiken på inntektene deira der foreldra ikkje blir samde om noko anna. Kostnadene som skal delast, er kostnader til barnet si reise, foreldra sine nødvendige kostnader til reise i samband med å hente eller bringe barnet til samværet og samværsforelderen sine kostnader til eiga reise når samværet skjer der barnet bur. Reglane i § 70 sjuande ledd gjeld så langt dei høver.
Dersom særlege grunnar gjer det rimeleg, kan retten fastsetje ei anna fordeling av reisekostnadene. Er foreldra samde om det, kan sak om reisekostnadene i staden gå til arbeids- og velferdsetaten.…
Nærmere forklaring
Teksten over er hentet fra barnelova § 44. Retti gjengir ikke mer enn det som står i den hentede lovteksten. For fullstendig ordlyd, se lenken til Lovdata.