Departement: Helse- og omsorgsdepartementet
Hva endringen gjelder
I samband med innføringa av ei ny meldeordning for alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenesta, som erstattar dagens varslingsordning, blir det gjort endringar i mellom anna helsetilsynslova, lov om Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta og pasient- og brukarrettslova. Formålet med den nye meldeordninga er å styrke tryggleiken for pasientar og brukarar, og særleg å styrke arbeidet med læring og forbetring for å kunne unngå liknande alvorlege hendingar i framtida. Lovendringane følger opp delar av framlegga i ein rapport frå Varselutvalet som blei lagd fram 12. april 2023.
Dokumenter og videre lesning
- Endringslov til helsetilsynslova mv. (lovdata.no)
- Delt ikraftsetting av lov 20. juni 2025 nr. 74 om endringar i helsetilsynslova mv. (ny meldeordning for alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenesta) (lovdata.no)
Kilder
- Regjeringen.no — Endringer i lover og regler fra 1. juli 2026
- Lovdata: Disse lovene og reglene gjelder fra 1. juli 2026
Tilbake til oversikt over lovendringer · Blogg.